Foto: Henning Flusund. Avtroppande leiar Linn-Therese Sævik får ros av styret for jobben ho har gjort. Her saman med Henning Karlsen frå bemanningsbyrået Verto AS og Herøyspelet sin nye daglege leiar, John Andre Nærø.

John Andrè Nærø har takka ja til utfordringa om å lede Herøyspelet Kongens Ring vidare, og gler seg til å ta fatt på arbeidet rundt verdas vakraste vikingmusikal! Verto har hatt ansvar for ansettelsesprosessen i samarbeid med styret i spelet.

John Andrè kjem opprinneleg frå Herøy, og har no busett seg i Gjerdsvika med familien. Han har Bachelorgrad i musikkpedagogikk, og seier han føler seg privilegert som får sjansen til å jobbe med kultur på eit slikt høgt profesjonelt nivå som Herøyspelet kan tilby. Etter over 20 år har spelet opparbeida seg eit fantastisk renommé.

Kultur er viktig

Skodespelarane er ikkje vonde å be om å stille opp for dette eventyret ytst ute i havgapet på Sunnmøre, og dei kjem gjerne tilbake.

– Namn som Agnes Kittelsen, Nils Ole Oftebro og Annette Hoff seier sitt, påpeikar den ferske leiaren med eit smil. Å jobbe med kultur er utruleg spanande og givande, meiner Nærø.

– I Bacheloroppgåva mi skreiv eg om viktigheita av det kunstnariske, det vere seg både musikk, teater eller biletkunst. Kulturen har ei djupare virkning på både menneske og lokalsamfunn, og det skapar motivasjon og tilhørsle for både deltakarar og publikum. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på oppgåvene som ligg framfor meg, og då tenkjer eg både på samspel med alle aktørane, det kunstnariske aspektet ved jobben og det praktiske arbeidet. Alt er nytt, og eg må innrømme litt overveldande, men eg er sikker på at apparatet rundt meg vil vere ei god støtte. Arbeidsoppgåvene rundt spelet er inndelt i fleire arbeidsgrupper med frivillige, kvar med sin leiar. I tillegg vil tidlegare leiar og styret hjelpe meg med å få oversikt over alle arbeidsoppgåver og rutinar.

Magisk stemning

Linn-Therese Sævik meiner bestemt at ho no forlèt draumejobben.

– Det er noko heilt spesielt å jobbe så hardt i lang tid, der det til tider er veldig hektisk og krevjande, for så å oppleve magien som oppstår når framsyningane tek til. Då ser ein verdien av arbeidet som er lagt ned i forkant. Jobben har vore fantastisk, og eg vil spesielt legge vekt på det å få jobbe med menneske som verkeleg brenn for spelet. Eg må innrømme det er vemodig at eg no skal gi meg som dagleg leiar, men eg går inn som styremedlem i stiftelsen og vil ta del i arbeidet framover.

Eg ønskjer John Andrè lykke til og ser fram til første helga i juli når eg får oppleve magien igjen, smiler Linn-Therese.

Styret i stiftelsen Herøyspelet er godt nøgde med utviklinga dei siste åra.
– Linn-Therese har gjort ein solid jobb som dagleg leiar for Herøyspelet, seier styreleiar Paul Myrvågnes Hildre. Det skal ein dyktig og sterk person til for å ha kontroll på så mange og så forskjellige personar som vi har i og rundt spelet, held han fram. – Linn-Therese er verkeleg ein lagspelar og vi er veldig glade for at ho fortsatt vil vere ein del av spelet gjennom å ta plass i styret.

Hjelp frå lokalt bemanningsbyrå

Herøyspelet fekk god hjelp frå Verto Human Resources i prosessen for å finne ny leiar til spelet. Bemanningsbyrået har hovudkontor i Fosnavåg og var ein naturleg samarbeidspartner.

– Vi hadde ute annonser på nettet og i lokalaviser, i tillegg til å bruke vårt eige nettverk. Vi tok for oss intervju av kandidatane, for så å presentere dei for styret, seier Henning Karlsen frå Verto. John Andrè skilte seg tidleg ut blant dei vi vurderte som aktuelle.

– Vi føler samarbeidet med Verto har vore veldig positivt, og det var nyttig at folk utanfor systemet rundt spelet tok seg av tilsetjingsprosessen. Vi er veldig nøgde med å ha fått på plass John Andrè Nærø, avsluttar Myrvågnes Hildre.