Foto: Lene Moen Karlsen. Frå venstre: Kåre Hansen frå bemanningsbyrået Verto saman med dei nytilsette reisekonsulentane Helga H. Hagen, Oddhild Skorpen-Nilsen, Stian Berge Myrene, Ana-Liza Bergsnes og avdelingsleiar i Berg Hansen, Linda Frantsen

Fire nye tilsette er snart på plass ved Berg-Hansen sitt kontor i Fosnavåg, og alle er rekrutterte gjennom bemanningsbyrået Verto.

 

Utvidar med ferie- og fritidsreiser mot slutten av året

– Vi gleder oss stort til å bli eit fullservicebyrå og tek sikte på å opne feireavdeling mot slutten av året, seier avdelingsleiar i Berg-Hansen, Linda Frantsen. I fjor fekk vi fleire nye kundar, og vi såg raskt behovet for å utvide kontoret vårt i Fosnavåg.  Vi opnar  også ferietilbodet igjen, i tillegg til å tilby jobbreiser, fortel Frantzen.

Mot slutten av året satsar Berg-Hansen på at ferietilbodet for kundane er klart for opning.

– Vi ser veldig fram mot å opne dørene for ferie og fritid kundane våre, seier Frantsen, som allereie er godt i gang med opplæring av dei nytilsette.

 

Trygt og effektivt med bemanningsbyrå

Berg-Hansen hadde erfaring frå tidlegare med rekruttering gjennom Verto og valde det lokale bemanningsbyrået til å ta heile rekrutteringsprosessen.

Verto har vore uvurderlig for oss i prosessen med å finne dei rette kandidatane, seier avdelingsleiar i Berg-Hansen, Linda Frantsen

– Verto har vore uvurderlig for oss i prosessen med å finne dei rette kandidatane. Vi hadde nok ikkje hadde funne fram til dei personane som no søkte på jobben utan deira nettverk, lokalkjennskap og kompetanse. Vi fekk mange gode kandidatar å velje mellom, og er storfornøgde med dei nye medarbeidarane vi no har fått på plass, seier Frantsen.

Kåre Hansen frå Verto har leia arbeidet med å finne reisekonsulentar til Berg-Hansen.

– Vi hadde eit luksusproblem når vi skulle sortere søkarane Berg-Hansen kunne velje mellom.  Mange av kandidatane vi allereie hadde i vår database, i tillegg til nye søkarar, passa godt til stillinga som reisekonsulent for kontoret i Fosnavåg, fortel Hansen.

 

Avhengig av fornøgde kundar

– Berg-Hansen har stor fokus på å få på plass rette ressursar for at kundane skal ha best mogleg tilbod. Målet vårt er å jobbe framover med å ta større marknadsandel, og då er det avgjerande at kundane våre er fornøgde. Til det har vi dei rette medarbeidarane på plass. Vi har gode verktøy og høg kompetanse som skal sørgje for at den som reiser opplever ein enklare reisekvardag, avsluttar Frantsen.