Arbeidsledighet på 3,7 prosent

By | 2019-02-27T09:08:32+00:00 February 27th, 2019|Arbeidsledighet, Arbeidsmarkedet|

I desember utgjorde dei arbeidslause 3,7 prosent av arbeidsstyrken, justert for sesongvariasjonar. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå september, melder SSB.

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det i desember (gjennomsnitt november-januar) var 105 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Det er 7 000 færre enn i september (gjennomsnitt august-oktober). Nedgangen er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU.

Trenden viser at det har vore ein jamn nedgang i arbeidsløysa frå seinvinteren 2017 og fram til slutten av 2018.

Stabil sysselsetting, men fleire utanfor arbeidsmarknaden

I desember var talet på sysselsette personar om lag som i september. Frå september til desember viser undersøkinga at talet på arbeidsledige gjekk ned samtidig som talet på sysselsette var om lag uendra.

Dette inneber at dei som står utanfor arbeidsstyrken, målt i prosent av befolkninga, gjekk opp. Personar som står utanfor arbeidsstyrken kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gjeve opp å søke arbeid og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.

Du kan lese meir på nettsida til Statistisk Sentralbyrå