I desember utgjorde dei arbeidslause 3,7 prosent av arbeidsstyrken, justert for sesongvariasjonar. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå september, melder SSB.
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det i desember (gjennomsnitt november-januar) var 105 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Det er 7 000 færre enn i september (gjennomsnitt august-oktober). Nedgangen er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU.
Trenden viser at det har vore ein jamn nedgang i arbeidsløysa frå seinvinteren 2017 og fram til slutten av 2018.
Stabil sysselsetting, men fleire utanfor arbeidsmarknaden
I desember var talet på sysselsette personar om lag som i september. Frå september til desember viser undersøkinga at talet på arbeidsledige gjekk ned samtidig som talet på sysselsette var om lag uendra.
Dette inneber at dei som står utanfor arbeidsstyrken, målt i prosent av befolkninga, gjekk opp. Personar som står utanfor arbeidsstyrken kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gjeve opp å søke arbeid og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.